Onkel Kjell️
Alltid glad for å få besøk. Som telemarking inneber besøk til familie i Haugesund overnatting. Dette har ofte vore på Skogland, seinast i august i år. Eg ringde dagen før og sa me gjerne ville ta ein tur. «Orkar du at me kjem, eller skal me overnatte ein anna stad?» «Bare å komma», sa du som vanleg. Som vanleg ringde du også når me var i Åkrafjorden, ville ha middagen klar. Før kunne ein bestille, feks sosakjøtt-denne gongen god laks laga av Pat. Du sa du ikkje kjende deg bra og kva som var planen ang operasjon. Dette grudde du deg for, noko som var lett å forstå. Du var likevel positiv til at eg bad dine og mine søskenbarn på kaffi og kake på Skogland 12.august. Dei som var i landet og friske, heiv seg rundt og kom. Ingen av oss visste at det var siste gong me i felleskap skulle møtast til ope hus der du sjølv fekk vere med.
Du trivdes med folk, var raus, gjestfri og med glimt i auge. Mange gonger har me vore samla til grilling sjå deg.
Eg kjem til å savne å kome inn døra etter ein tur over fjellet og bli møtt med «hoi, hoi, Korleis gjekk turen?». Dei gode samtalene, nysgjerrigheten og korleis du alltid oppdaterte meg på dine nærmaste når me snakka i telefonen. Du var uredd og innovativ. Når eg fortalde at Kristina hadde kome inn på universitet i Ungarn og i British Colombia, sa du spontant «då bør ho velge BC». Mange andre syntes det virkar langt og uoversiktleg, men du relaterte det til turen me hadde «over there» i 1998. Det var ei glede å få fylgje på den turen. Du fekk møtt mange cousins og sett kor bestefar hadde sin plass i Belt. Me for rundt i store amerikanske flak saman med Christine og Maryann, du fekk deg ekte hatt, sett store ranchar, cowboyar og natives.
I slutten av juli ringde eg deg ein ettermiddag og lura om du ville ha besøk av amerikaner på veg frå Bergen til Haugesund. Du tok det på strak arm, hasta til byen for å handle kake. Pat laga mat og dei fekk tour i byen og ut på Karmøy for å sjå kor bestefar deira kom frå.
Du var ein luring- Då eg var student i Bergen, fekk eg bli med å handle på Gilde der du hadde konto. Då me kom til Skogland, betalte eg deg tilbake med kontanter, for så å finne pengane igjen i boksen med kjøt når eg pakka ut varene i Bergen. Via Kjell Inge og Odd Arne lura du deg til å bidra på bilkjøp utan at eg visste det, eller hadde spurt om hjelp. Mercedesen rullar og går.
Du fortalde du hadde blitt køyrt i ambulanse med blåljos frå fastlegen til sjukehuset no sist, men du trudde dei nok mest hadde blåljos/sirene på for eigen del. Det var slik du var, dempa alvoret og bruka humor.
Eg kjenner meg heldig som hadde deg som onkel, eg kjem til å sakne deg! Takk for alle gode minne️❤️
Vis mer
Vis mindre